VOSS IL Turn

Terminlister

STEMNER ME KAN VERA MED PÅ:

I vår krets blir det arrangert stemner kvar vår/sumar med forskjellige lag som arrangør.

GYMFEST I VEST 10-18 ÅR
Denne stemna samlar ca.650-700 born og ungdomar frå fredag til sundag ei helg i mai/juni. Fredag kveld er det konkurranse i Åpen klasse for troppar. Her brukar me å stilla med fleire troppar, og me har blitt premierte fleire gonger. Laurdag er det fellestreningar og konkurransar i trampett og tumbling (matte). I tillegg er det tilbod om aktivitetar som klatring, riding, symjing, ulike ballspel med meir. Om kvelden er det discotek og åpen hall for turnaktivitetar. Sundag er det oppvisningar av ulike slag der vinnarane av konkurransane også er med.

KRETSTURNSTEMNA FOR VAKSNE
Deltakartalet brukar vera på ca.400 i alderen 18-80 år. Laurdag er det fellestreningar på program som deltakarane har trent inn heime i sitt lag. Om kvelden er det sosialt samvær med middag og dans. Sundagen er det gjerne meir trening før defileing og oppvisningar.

VESTLANDSTURNSTEMNA
Denne stemna blir arrangert kvart 4.år, vekselvis i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I 2004 var stemna her på Voss med ca. 1100 deltakarar.

LANDSTURNSTEMNA
Denne blir og arrangert kvart 4.år. I tillegg til store fellestroppar blir det arrangert NM i turn i ulike greiner. Stemna skal vera i 2009 vere i Kristiansand 24.-28.juni.

GYMNAESTRADA
Stemna blir arrangert i eit europeisk land men med deltakarar frå alle verdensdelar. Det har vore deltakarar frå Voss m.a. i Wien, Basel, Berlin, Herning, Amsterdam, Gøteborg, og Lisboa. Den varer ei veke og då er det , forutan fellestreningar ,store troppsoppvisningar frå alle deltakarlanda. Dei fleste landa sine beste troppar har eigne oppvisningar i store messe- og idrettshallar. Desse kan ein sjå på frå tidleg morgon til langt utpå ettermiddagen. Og har ein ikkje fått nok "turninntrykk" på dagtid kan ein gå på spesialoppvisningar som Nordisk aften eller Turngalla om kveldane. I 2007 var 7 vossadamer med på Gymnaestradaen i Dornbirn, Østerrike.

SPONSORAR

AKTUELT
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger