VOSS IL Turn

STYRET 

I styret er det 9 medlemer og me har styremøte ca. annan kvar månad. Leiar er Roald Fjose Stokken.

Er det noko du lurar på kan du kontakta på  voss.turn@outlook.com  eller på telefonar.

Kontakt Turngruppa i Voss IL

Voss IL
Postboks 327
5702 Voss

Styremedlemer:
Leiar:
Roald Fjose Stokken
tlf: 97 07 30 72

Kasserar:
Nils Inge Haaland    
48 23 95 71

Trenaransvarleg:
Tanja Fostervoll

Styremedlem:
Randi O. Helland

Styremedlem:
Helene Stokkan 

Styremedlem:
Siw Reidun Geitle

Styremedlem:
Hilde Herre

Styremedlem:
Hege Jordalen

Styremedlem:
Line Virenfeldt Møller

Drift av turngruppa

Turngruppa vert "drifta" av styret. 
Til dette styret treng me fleire foreldre som kan vera med og ta eit tak.

Har du anledning til å vera med å gje ditt og andre sine born eit flott tilbod, så set me stor pris på å få deg med.

HISTORIKK

VOSS IDROTTSLAG
er eit av dei eldste idrettslaga i landet. Skipingsdatoen var 21.februar i 1886, men då under namnet Voss Turnforening. Dei starta med turn, friidrett, ski og skeiser. 

Frå årsmeldinga i 1886 kan ein sjå at det var både herreparti og guteparti som hadde trening 4 gonger i veka der motivet var:"Vi vil øve vort Lægeme, saa det bliver stærkt og vel udviklet." Dette har vel og vore det viktigaste for dei fleste medlemene i gruppa fram til i dag. 

Dei fyrste ti-åra var det namneskifte fleire gonger,men frå 1927 har det vore Voss Idrottslag.

TURNFRAMSYNINGAR 17.MAI
Heilt frå skipingsåret markerte turnarane seg med å gå i folketoget og hadde framsyningar på ulike stader som på Holbergsplassen, 

Utstillingsplassen (der meieriet er i dag) og på skuleplassen ved Vangen skule. I 1906 skreiv Hordaland om turnprogrammet m.a:"Det vart synt fram knekk-og strekkøvingar, vridningsøvingar og sprang yver hest. Dei fleste turnarane synte god øving og gjorde sine ting bra". 

I 1926 vart framsyningane flytta til Idrottsplassen og i 1928 deltok ein dametropp for fyrste gong. Den fyrste dametroppen var skipa i 1908, men fram til 1926 var det berre eit og anna året det var dameparti, mest sannsynleg grunna mangel på instruktørar.

KONKURRANSETURN
Fram til på 80-talet hadde turngruppa konkurranseturn på programmet. 

Frå rundt 1920 hadde me herreturnarar som deltok i både KM, NM og Vestlandsmeisterskap med gode plasseringar. Etter kvart kom jentene med og på 60-talet fekk me fleire kretsmeistarar i ulike klassar. 

Den som nok har hevda seg best er Odfrid Fagnastøl Fjose som deltok i fleire NM, og vart ein suveren Vestlandsmeister i kl. e.jr. i 1969.

TURNSTEMNER
Opp gjennom åra har laget stått som tilskipar av mange stemner både for born og vaksne. Deltakartalet var noko større tidlegare, spesielt i seksti-og sytti åra. 

På Vestlandsturnstemna i 1960 var det meir enn 1600 deltakarar, og på ei barneturnstemne var det med over 2000 jenter og gutar frå heile kretsen. 

I 1932 var her storfint besøk på Vestlandsturn- stemna. Kronprins Olav og kronprinsesse Martha var gjester og kasta glans over tilskipinga.

JOLETURNFRAMSYNINGAR
Den fyrste joleturnframsyninga var i 1933 og utenom krigsåra har dette vore ein mest årleg tradisjon hjå oss. 

Fram til me fekk kinosalen i Tinghuset var det gymsalen på Gymnaset som var arenaen. Men der var det lite plass til publikum, ja det var dei som både sat og hang i ribbe-veggen under framsyningane. 

Bedre for publikum vart det i kinosalen, men for utøvarane kunne det til sine tider vera så trongt om plassen på scenen at ein var redd for at nokon skulle ramla utfor scenekanten! 

Etter at me fekk idrettshallen har den vore arenaen for framsyningane.

SPONSORAR

AKTUELT
Vossameisterskapen i friidrett 6.06
Friidrettsstemne onsdag 9.05
O-løp 2 i Bømoen onsdag 16. mai
Terrengløp 18.04
Friidrettstrening
Årsmøte i hovudlaget 22.03, kl.20
Open dag i Idrettshallen 11.03
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger